Start

søndag 15. mai 2011

Bryllupskake

Egentlig er det litt dumt at vi flytter fra Trondheim for Rimon har så smått begynt å skaffe seg eit navn her :) I helga hadde han ei bestilling på ei bryllupskake til intet mindre enn 200 gjester. For ein reklame! Folk spurte etter tlf nr og var heilt i ekstase (eller kanskje det var vi som var det ;). Her er vertfall resultatet ;)


Men det skal eg sei deg! Berre lett var det ikkje. Så mange kaker kreve ein viss kjølekapasitet og i dei fleste norske heimar finst det berre eit kjøleskap. I vårt tilfelle kombinert kjøl og frys :/

 Redninga kom i form av eit ekstra kjøleskap som vi tok med oss fra Førde etter påska (takk til mama og pappa). 

 Og utebordet vart flytta inn slik at man fekk seg ein litt større arbeidsplass
 Veien til suksess ligge i 9cm høge sukkerbrød!








Ein ting vi nordmenn må bli fllinkare til er å dynke kakene skikkelig! Rekk opp handa alle dei som dynke sukkerbrøda sine med ei spise skje? 

Altfor ofte høre eg (egentlig for det meste hos den yngre befolkninga) at dei ikkje like denne type kake. Tørt, smakløst og for mykje krem. Sukkerbrød fungere som ein svamp så eg forstår veldig godt at når man har på 5ss saft, melk, juice osv. og kompensere det med krem så blir kaka veldig tørr og kremete.

Vårt råd er:
Ikkje ver redd for å bruke smak! (Og ha gjerne alkohol i den smaken ;)
Og ikkje ver redd for å pøse på med væske. Denne gangen hadde Rimon berre enkel appelsinjuice på ei vinflaske og snudde den oppned over kaka. På ei vanlig kake bør du bruke mellom 5 og 7.5 dl væske. Veit mange då tenke usj, soggy svamp, men den tåle det. Trust me ;) Då kan man samtidig korte ned litt på krem mengda og den helde seg lenger i kjøleskapet :)

  

Mariell&Rimon





1 kommentar: